MENY

Omvising i utstillinga Gullkorn

Kvar sundag kl. 12 kan du bli med på familietilbodet Tidsreisa – ei vandring gjennom forhistoria. Sundag, 17. februar, kl. 14 blir det også omvising i Gullkorn – ei utstilling som knyter kunst og vitskap saman.

Med familietilbodet Tidsreisa byr vi på ei reise frå steinalderen til middelalderen med forskjellige aktivitetar. Du kan prøve å spinne tråd med handtein, lage eld med eldstål, skjere i skinn med flintkniv, kjenne tyngda av hjelm og skjold, skrive runer og endå meir!


Guten i Vistehola
Kven var eigentleg Visteguten? På Arkeologisk museum kan du bli betre kjent med guten som budde i Vistehola for 7500 år sidan.

Lyden av bronselurane bringar oss til bronsealderen. Høyr om bondekultur og soldyrking i bronsealderen. Museumsformidlaren vil fortelje om då vikingane gjekk til blodig åtak på Lindisfarne kloster. Vår ferd sluttar i middelalderen. Du får høyre om då landet blei kristna, om middelalderbyane og om korleis nye skikkar og lovar tredde i kraft.


Kunst og vitskap
Kl. 14, sundag 17. februar blir det omvising i utstillinga Gullkorn. Den viser kunstnar Barbro Raen Thomassens skulpturar av forstørra frø. Skulpturane huggar ho ut i kalkstein og vakre, myke former trer fram. Skulpturane er frå 15 x 20 x 10 cm store og dermed lar kunstnaren oss få beundre noko vi elles ikkje får auge på.

På banner i utstillinga kan du lese om forskinga på botanikk som går føre seg på museet. Her jobbar det nemleg botanikarar som studerer korn ein finn i utgravingane. Slik får vi vite meir om kva folk har ete og dyrka før i tida.


Eksploderande frukter
Vitj også vår frølab. Visste du at det raskaste frøet i verda blir skutt av garde med ein fart på 240 km/t? Det er frøa til dei eksploderande fruktene til Hura crepitans, Sandbox tree. Dei minste frøa som finst er tropiske orkidéfrø, som veg 0,81 mikrogram. Og dei største frøa i verda er dobbelkokosnøtt, som veg heile 30 kg.

I frølaben er det frø du kan sjå på i mikroskop, kverne, kjenne på, du kan identifisere forskjellige frø, det er frø som luktar og frø som smakar.

Nyt kaffi og påsmurt i vår museumskafé. Gåvebutikken er open.
Opningstider: tysdag 11.00–20.00, onsdag – laurdag 11.00–15.00, sundag 11.00–16.00, måndag stengt.