MENY

Omvisning i Utferd

Sundag 18. mai blir det omvisning i utstillinga "Utferd. Mot vest i vikingtid". Vi har og familietilbodet Tidsreisa kl. 12.

Utstillinga Utferd fortel om liva til seks vikingtidskvinner. For her blir du ikkje berre kjend med rebelske krigarar, men også med liva til seks kvinner frå Rogaland: Gudrun, Svåva, Svankvit, Herborg, Sigerlin og Niamh. Ei husfrue med synske evner, ei velkledd dame frå ein rik familie og ei kvinne med eit smykke som ber på ei brutal historie.

Tidsreisa
I omvisinga Tidsreisa som vi har kvar sundag klokka 12, blir du tatt med på ei reise frå steinalder til middelalder. Du får prøve deg på forskjellige aktiviteter, som å skjære i skinn med flintflekker eller lage eld med eldstål. Sjå ein 10 000 år gamal isbjørn. Og kven var eigentleg guten i Svarthola?

Undervegs i omvisinga får du høyre lyden av bronselurar, sjå vakre smykke og farlege våpen og høyre om vikingane sine reiser og runer.

Nyt kaffi og påsmurd i vår museumskafé, og kjøp flotte gåver til vårens fester i museumsbutikken.

Opent
tirsdag 11.00–20.00,
onsdag – lørdag 11.00–15.00,
sundag 11.00–16.00,
mandag stengt
 

Laurdag 17. mai holder vi stengt.