MENY

Tidsreisa

Vi inviterer på ein tur frå steinalderen til middelalderen!

Ein meir enn 10 000 år gamal isbjørn funnen i ein kjellar, kven var guten frå Vistehola? Høyr lyden frå bronselurane, sjå vakre smykke og farlege våpen, høyr om vikinganes reiser og runer. «Reiseleiaren» tek deg med gjennom historia og du får prøve skarpe flintknivar, lage eld med eldstål, kjenne tyngda av ei vikingbrynje og sverd, skrive runer og endå meir.

Nyt kaffi og påsmurt i vår museumskafé. Gåvebutikken er open.
Opningstider: tysdag 11.00–20.00, onsdag – laurdag 11.00–15.00, sundag 11.00–16.00, måndag stengt.