MENY

Tidsreisa

Kvar sundag kl. 12 inviterer vi på ei reise gjennom forhistoria. Bli med på familietilbodet Tidsreisa på Arkeologisk museum!

Sjå eit meir enn 10 000 år gamalt isbjørnskjelett, funne på Finnøy. Stå andlet til andlet med Visteguten. Lytt til lyden frå bronselurane, sjå vakre smykke og farlege våpen. Høyr om soltilbeding i bronsealderen, vikinganes reiser og om då landet blei kristna.

«Reiseleiaren» tek deg med på ei reise frå steinalderen til middelalderen og du får prøve skarpe flintknivar, lage eld med eldstål, kjenne tyngda av ei vikingbrynje og sverd, skrive runer og endå meir!

Nyt kaffi og påsmurt i vår museumskafé. Gåvebutikken er open. Der sel vi mellom anna konfirmasjonsgåver – barberkniv til gut og flotte smykke til jente.

Opningstider: tysdag 11.00–20.00, onsdag – laurdag 11.00–15.00, sundag 11.00–16.00, måndag stengt.