MENY

Tidsreisa

Kvar sundag kl. 12 kan du bli med på familietilbodet Tidsreisa – ei omvising om Rogaland frå steinalderen til middelalderen.

Sjå eit meir enn 10 000 år gamalt isbjørnskjelett, funne på Finnøy. Stå andlet til andlet med Visteguten. Lytt til lyden frå bronselurane, sjå vakre smykke og farlege våpen. Høyr om soltilbeding i bronsealderen, vikingane sine reiser, om då landet blei kristna og middelalderbyane.

«Reiseleiaren» tek deg med på ei reise frå steinalderen til middelalderen og du får prøve skarpe flintknivar, lage eld med eldstål, kjenne tyngda av ei vikingbrynje og sverd, skrive runer og endå meir!

Nyt kaffi og påsmurd i vår museumskafé. Gåvebutikken er open.
Opningstider: tysdag 11.00–20.00, onsdag – laurdag 11.00–15.00, sundag 11.00–16.00, måndag stengt.