MENY

To spennande omvisingar

Sundag 20. oktober kan du bli med på familietilbodet Tidsreisa kl. 12 og omvising i vikingtidsutstillinga Utferd kl. 14.

I omvisinga Tidsreisa blir du tatt med på ein sundagstur frå steinalder til middelalder. Høyr om guten frå Viste, lytt til lyden frå bronselurane, sjå farlege våpen og mykje meir.

Utstillinga «Utferd. Mot vest i vikingtid» bringar deg til den brutale og på same tid fascinerande vikingtida. Du blir kjent med rebelske krigarar og med liva til seks staute kvinner frå Rogaland.

Nyt kaffi og påsmurd i vår museumskafé. Ta også turen innom vår unike gåvebutikk.

Opent: Tysdag 11–20, onsdag – laurdag 11–15, sundag 11–16, måndag stengt.