MENY

Årets utgravingar 2019

2019 blir ein relativt liten utgravingssesong for Arkeologisk museum. Med berre tre planlagde utgravingar så langt, er det langt mindre aktivitet enn åra før, då det har vore høgt trykk.

- Etter stadig oppgang sidan 2012, med to store sesongar i 2017 og 2018, er det no veldig få prosjekt. Fyrst og fremst fordi vegsaker er lagde på is eller har vorte forseinka, seier avdelingsleiar for fornminnevern ved Arkeologisk museum, Håkan Petersson.  

Han fortel at det blir travlare dei neste åra. Det er starta opp eit nytt vegprosjekt, ny E39 mellom Stavanger og Kristiansand, som vil gje stor pågang med prosjekter i 2020–2021.
- Det er mogleg at det startar opp allereie frå hausten i år, seier han.

Jåttånuten, Stavanger         

Men av dei prosjekta som er sikre for i år, er det eit prosjekt på Jåttå som er det største. På Jåttånuten planlegg ein utbyggjar eit bustadfelt, og frå starten av april til slutten av juli skal arkeologar grave etter fornminne på staden.

Rogaland fylkeskommune gjorde registreringar på området allereie i 2006, og då vart det gjort ei rekkje funn. Dei er ikkje daterte, så arkeologane frå Arkeologisk museum, UiS er spende på kva dei kjem til å finne.

Dyrka mark

- Det har vore dyrka mark i dette området i lang tid. Vi håpar å finne spor etter busetnad frå fleire tidsperiodar, seier prosjektleiar Barbro Irene Dahl. Ho er spent på å finne ut korleis området har vore brukt i forhistoria, og korleis bruken av landskapet har endra seg over tid.

Det kan ha vore folk i området frå slutten av yngre steinalder, om lag 2000 år f.Kr, og heilt fram til og med vikingtid.

Arkeologane kan finne hus og graver, og kanskje og fleire lag med funn frå ulike periodar i same område

Det vil vere ni personar i arbeid på dette feltet.

Auklend, Strand

I perioden frå 29. april til 5. juni skal det undersøkjast eit røysfelt på garden Auklend på Tau i Strand kommune. Ei røys er ei samling stein som kan vere laga til ulike formål. Det kan vere ei røys oppbygd som gravrøys, eller ei samling stein som er samla saman for å betre området med tanke på jordbruk; ei rydningsrøys. Eit røysfelt består av fleire slike røyser innafor eit avgrensa område.

Ti røyser

Bakgrunnen for undersøkinga på Tau er at bonden som eig jorda ynskjer å dyrke området på nytt, for å kunne produsere nok fôr til dyra sine. Dette vil gå ut over eit kulturminne som består av ti registrerte røyser, som vil fjernast for å få nok plass til dyrking.

- Kva type røyser det er snakk om kan ein ikkje vere heilt sikre på før dei blir undersøkte, seier prosjektleiar Krister Scheie Eilertsen ved Arkeologisk museum, UiS.

Han fortel at mest sannsynleg er dei fleste rydningsrøyser, men nokre av røysene er av ein slik størrelse og oppbygnad at arkeologane trur det kan vere gravrøyser. Måten dei ligg på i landskapet støttar òg den teorien.

Dette prosjektet er finansiert av Riksantikvaren.

Lomeland, Gjesdal

I sumar skal arkeologane gjere ei mindre undersøking på Lomeland i Gjesdal kommune. Statens vegvesen har laga reguleringsplan for vegutbetring av fylkesveg 45, og føremålet med planen er å betre trafikktryggleiken og standarden på vegen. På området som skal gravast ut er det mellom anna påvist ei mogleg røys og to separate område med kulturlag/dyrkingslag frå yngre bronsealder. Det er òg funne spor frå andre periodar.

- Vidare undersøkingar av desse lokalitetane vil auke informasjonsgrunnlaget om fortidig gardsdrift og landbruk i eit område av Rogaland som så langt er lite undersøkt, fortel prosjektleiar Even Bjørdal.

Viktig kunnskap

Kunnskapen om den førhistoriske jordbruksbusetnaden i dei indre delane av Rogaland er relativt mangelfull, særleg om ein samanliknar med dei kystnære stroka på Jæren. Enkelte stader har ein påvist og undersøkt busetnadsspor under dyrka mark, m.a. ved Limavatnet og i Dirdal i Gjesdal kommune, men elles er det synlege kulturminne som utgjer hovudkjelda for å studera jordbruksbusetnaden i dei indre stroka av fylket.

Funna frå Lomeland vil kunne vere viktige for å kaste lys over lokaliseringa av den rurale busetnaden i den tidlege mellomalderen, og i kva grad denne kan relaterast til eldre busetnad og den historisk kjende garden. Resultata vil ha stor overføringsverdi, sidan kjeldegrunnlaget frå denne perioden generelt sett er lite i fylket.

Landskap og kulturmiljø

Lomeland ligg i den nordlege delen av Gjesdal kommune, ca. 8 km aust for Ålgård og om lag 4 km vest for Oltedal. Landskapet i området er kupert, og garden ligg på nordsida av eit daldrag som strekker seg frå Edlandsvatnet i sørvest og ned mot Oltedal i nordaust. Nord for garden er det fleire høge fjellparti, og den høgaste toppen (Galte) ligg ca. 400 moh konstruksjonar.