MENY

Myter og mystikk i bronsealderen

I bronsealderen kretsa verda rundt solas gang, og ritualer var ein del av kvardagslivet. Så også for kvinna som vart gravlagt i Regehaugen på Sola. Med seg i grava hadde ho blant anna ei pratkfull belteplate i bronse med solsymbol.

  • bronsealderdame med ryggen til. Tatoveringer på rygg.
    Bronsealderkvinne. Foto: Annette Øvrelid, Arkeologisk museum, UiS.
  • Bilde av bronselurane frå Revheim.
    Bronselurane frå Revheim. Foto: Annette Øvrelid, Arkeologisk museum, UiS.
  • Halsring og armringer i bronse.
    Vakre smykke av bronse. Disse er funne i Grimshaugen på Sør-Braut i Klepp. Foto: Annette Øvrelid, Arkeologisk museum, UiS.
  • Regehaugen
    Regehaugen i Sola kommune. Foto: Annette Øvrelid, Arkeologisk museum, UiS.
  • tutulus i bronse.
    Tutulus med solsymbol. Funne i grava til Regekvinna. Foto: Annette Øvrelid, Arkeologisk museum, UiS.

Den store gravhaugen på Rege i Sola kommune strekker seg mot himmelen. For omlag 3500 år sidan vart ei kvinne gravlagd nettopp her. 

På Arkeologisk museum si nyopna bronsealderutstilling, kan du bli med inn i Regekvinna si grav. Gjennom kvinna frå Rege kan du lære meir om livet og døden, og den mytiske og mystiske bronsealderen. 
Denne utstillinga syner dei flottaste gjenstandane frå bronsealder i Rogaland. 

Opningstider på Arkeologisk museum

Mange praktfunn

Bronsealderen byrja då det første metallet vert introdusert og teke i bruk for omlag 4000 år sidan i Sør-Noreg. Smedane skapte vakre, skimrande og mystiske smykke i bronse og gull, der dei blanke overflatene fanga sola sine stråler.

Rogaland er særs rikt på praktfulle funn, graver, helleristningar og gardar og var ein sentral aktør i den felleseuropeiske bronsealderkulturen.
Armringar, halskrager, belteplater og tutulus er funne i kvinnegraver i Rogaland, særleg på Jæren, der det var ei overvekt av rikt utstyrte kvinnegraver i eldre bronsealder.

Sirkelsymbolet er framståande i form og dekor og er tolka som uttrykk for soltilbeding. Dei som bar desse gjenstandane på kroppen tok sola si kraft inn i den menneskelege sfære.

Ei av årsakane til dei rike funna er den tette kontakten over Skagerrak til Nord-Jylland. 

Smykke i grava

Regegrava er ei av dei mest sentrale og komplette gravene frå norsk bronsealder og er datert til 1500-1300 f.Kr. Forskarar har funne ut at kvinna som vart gravlagd på Rege døydde i vaksen alder. Ho var truleg kledd i ulldrakt med ein kort bluse og snoreskjørt, og hadde skimrande bronsesmykke.
Særleg den store belteplata er eit praktstykke med sine to band med sirklar og solsymbol. Ho hadde ein flott halskrage, ei draktspenne, to tutulus, ein knapp, rør festa til snoreskjørt og ein dolk – alt i bronse. 

Berre små fragment av skjelettet til kvinna som vart gravlagd i Regehaugen var bevart.

Mytiske bronselurar

Dei to bronselurane som vart funne i Revheimsmyra på torvtekt i 1894, er nokon hundre år yngre enn Regekvinna. Forskarar antar at dei kan ha vore brukt i prosesjonar, og på helleristningar kan me sjå to lurblåsarar som opptrer saman. Lurane er støypekunst på sitt beste. Framstillinga av bronse var komplisert og kravde store ressursar.

Ofring av parvise gjenstandar er vanleg, og vert tolka som dyrking av tvillinggudar.

Nytt metall, ny teknologi

Med det nye metallet følgde eit meir hierarkisk samfunn, gravlegging i storhaugar, styrka handelsnettverk, ny teknologi, intensivering av husdyrhald og landbruk, og nye ritual og religiøse idear.
Menneska bygde langhus for storfamilien og etterkvart for husdyr.

Landbruket vart intensivert, skogen rydda og flokkar med husdyr beita i det opne landskapet.

Jakt og fiske gav og viktige bidrag til næringsgrunnlaget. Med sauen kom ull, og menneska var kledd i vevde ullklede. 

Solsymbol på gravhella

Gravkammeret til Regekvinna var oppbygd av store steinheller og på endeveggen var det rissa solsymbol på hella.

Sola som symbol var særs viktig i bronsealderen. Dette symbolet finn ein både på gravhellene og på smykka til Regekvinna, i form av ringar, spiralar og skålgroper. Skålgrop er stein med små gropar i, som kan vært brukt til offer.

Gjenstandane har truleg hatt ein rituell funksjon og kan kanskje fortelja oss noko om kven Regekvinna var i livet. Kan Regekvinna ha hatt ei sentral rolle i solkulten? Utøvinga av denne kulten kan ha inkludert fysisk og meditativ praksis som likner på det som i dag vert kalla yoga. Dette finn me uttrykk for på helleristningar og figurer i form av menneske i dans og sitjande i meditative stillingar.

Helleristningane og bronsegjenstandane sitt rike biletspråk, samt dei mange rituelle funna, gjer bronsealderen myteomspunnen og prega av mystikk.