MENY

Funnhistorier

Gjenstander på museet har alle ei funnhistorie - historia om korleis ting kom fram frå jorda. Kvar gjenstand bærer óg i seg ein historie om ein finnar. Sjå utstillinga "Funnhistorier" på Arkeologisk museum.

Desse historiane er ein del av livshistoria til funnet i monteren. På museet stiller me ut nokre av desse historiane saman med gjenstander frå fortida. AM skaper ein arena på museet der forteljinga til finnarane kan sjåast og høyrast, for å formidla korleis dei opplevde å finna ting frå fortida. Gjennom desse funnhistoriane ynskjer me å skapa publikumsengasjement, og dessutan formidla korleis historia til kvar gjenstand har mange lag, både i fortid og notid.

Ein forhistorisk gjenstand og eit fornminne har ei særskilt tyding i den samanhengen dei oppstod i, ofte oppfatta som den opphavlege tydinga, og det er denne arkeologisk forsking ofte fokuserer på. Likevel er det slik at gjenstandar og fornminner får nye tydingar kvar gong dei blir sett og opplevd. Verdien aukar gjennom nye dimensjonar og lag av meining. Dette gjer fortida aktuell i stadig nye samanhengar. Det å finna ein forhistorisk gjenstand er ofte ei sterk oppleving av eit direkte møte med fortida, for arkeolog og lekmann.

Funnhistoriane kan opplevast på video-opptak på skjerm av ein finnar som fortel sin historie. To slike er satt opp i utstillinga. Ein av funnhistoriene er den til Morten Øvstebø; han fortel om steinalderfunn han har gjort på familiegarden på Stangeland i Sola. Den andre funnhistorien er det Rygene detektorklubb som fortel.

Videofilmane er bygga inn i montre som syner dei aktuelle funna. Dei er laga av videokunstnar Anne Helen Robberstad.

UiS logo