MENY

Utstillingsopning: Solkult. Myter. Mystikk. Bronsealderkvinna si verd

Velkommen til utstillingsopning på Arkeologisk museum. 21. mars 2020 kl. 13.00.

Utstillingsopning: Solkult. Myter. Mystikk. Bronsealderkvinna si verd Utstilling om bronsealderen opnar på Arkeologisk museum 21. mars klokka 13.00. Foto: Annette Øvrelid

Utstillinga "Solkult. Myter. Mystikk. Bronsealderkvinna si verd" tek føre seg Rogaland sitt rike funnmateriale frå bronsealderen  (1800 – 500 f.Kr.) 
Rogaland er særs rikt på praktfunn, graver, helleristningar og gardar og var ein sentral aktør i den felleseuropeiske bronsealderkulturen.  Helleristingane og bronsegjenstandane sitt rike biletspråk, og dei mange rituelle funna, gjer bronsealderen myteomspunnen og prega av mystikk.  
I den nye utstillinga på Arkeologisk museum tek vi deg med inn i ei mytisk verd. Gå inn i gravhaugen, sjå flotte funn og la deg imponere av dei som levde i Rogaland i bronsealderen. 
 

Program for utstillingsopning 21. mars kl. 13.00 - 14.00:  

Museumsdirektør Ole Madsen ynskjer velkommen.

Fagleg ansvarleg Kristin Armstrong-Oma fortel om utstillinga. 

Forfattar Janne Stigen Drangsholt står for den offisielle opninga.

Kunstnerisk innslag ved Dybvig Dans og Klang av Oldtid.

Omvisning i utstillinga.

Enkel servering.